Laurdag 9. april arrangerte Åsane Pistolklubb feltskyting i Jonahola. Frå Kvam Pistolklubb stilte fire ferske medlem som alle deltok i Finpistol: Tine Sleire, Morten Sleire, Stian Kristiansen og Charlotte Hoff.
Løypa var variert, og med skytetider på dei 10 standplassane frå 6 til 14 sekund, gav løypa oss utfordringar med både skyteavstander, ulike blinkar og skytetider.
Me fekk tilbud frå ÅPK om å låne klubbvåpen og gå ei runde til, denne gongen med Revolver og Grovpistol. Dette takka me såklart ja til sjølv om me aldri hadde prøvd desse våpna før. Veldig moro!